Utforsk det vakraste fjellandskapet i Noreg

Opplev vintermagien med ei skihelg kring fjord og fjell i hjartet av Sunnmørsalpane. Omringa av snøkledde toppar, er fjordslottet Union Øye ein dryømedestinasjon for toppturentusiastar. Våre erfarne guidar tilpassar turen etter dine ynskjer og ferdigheiter, anten du er nybegynnar eller erfaren skikøyrer. Utforsk storslått og leikent terreng i noko av det vakraste fjellandskapet i Noreg, og opplev følelsen av å sveve nedover urørte fjellsider.

På Union Øye ventar komfort og hyggje etter ein dag fylt med eventyr. Senk pulsen i våre lune stover, og nyt deilige måltid i godt selskap. Avslutt dagen med eit forfriskande dypp i fjorden, etterfølgt av ei avslappande stund i saunaen på bryggjekanten.

Skihelg på Union Øye

Frå 13 090,- for to personar i dobbeltrom i to netter, inkl. alle måltid og guida tur.

Tilbodet gjeld desse datoane: 24. - 25. februar, 1. - 3. mars, 8. - 10. mars, 12. - 14. april, 13. - 15. desember og 20. - 22. desember


Vinter

Inkludert

  • Overnatting i dobbeltrom 2 netter
  • 2- retters middag på fredag
  • 3-retters smaksmeny på laurdag
  • Frukost
  • Guida topptur på laurdag
  • Matpakke

Kan kjøpast i tillegg

  • Ekstra guida tur søndag - 7500,-
  • Leige av skipakke - 1500,- per dag.
  • Transport til/frå flyplass