Når ein syklar så opplever ein verda i menneskeleg skala og hastigheit der stikkord er nærheit til naturen, eiga dagsform, musklar som får køyrd seg litt og kjensla av vind i håret. Vi legg til rette for opplevingar på sykkelsetet for alle nivå, frå den mest hardbarka off-road ryttar til deg som trivast best på flatmark med ein hyggeleg rasteplass innan rekkjevidde. På Sunnmøre er vegane ofte forbundne med ferjer, så du kan få ein velkomen pause mellom etappane. Vi har eit utval syklar, frå elektriske for dei som kjenner sine eigne grenser til hybridsyklar for dei som har andre ambisjonar. De kan leige og sykle på eigahand eller delta på turar med guide frå vårt aktivitetskontor.
2000,- per person
Kjøp billettar til våre daglege turar kl 13 frå mai til oktober eller kontakt vår Aktivitetsconsierge for å bestilla private turar med eigen guide.
2 timar
Alle
Lokal guide, el-sykkel og hjelm
Solbriller, caps, tursko, vann og vindtett jakke, drikkeflaske
drikkeflaske, vatn og ullgenser