Uforgløymelege minne i fortryllande omgivnader frå 2790,- per person.
Union Øye ligg i enden av Norangsfjorden og er eit av verdas mest herskapelege hotell. Her inviterar vi til fortryllande julestemning omringa av kneisande tinder og vakre fjordar. Finn ro og kvile og utforsk den magiske naturen saman med andre eventyrarar. La juledagane bli eit avbrekk i kvardagen og med dagar fylt av nydelege matopplevingar og aktivitetane til høgtida i særeigne omgivnader. Vertskapet står til teneste for å skape uforgløymelege juleminne.
Uforgløymelege minne i fortryllande omgivnader frå 2790,- per person.
Vakn opp til magisk julestemning. Vi serverer tradisjonell norsk julemiddag i Conservatory. Og det blir feiring i stovene og kanskje blir det ei overrasking til gjestane.
Spasertur i bygda og samtalar framfor peisen i Salongen og Gameroom. Brettspel og puslespel er også tilgjegeleg. Born frå bygda kjem på besøk og er julebukkar, og syng julesongar.
Gjester er velkomne til å møtest for årets julebad i fjorden, og kan varme seg badstova vår etterpå. Vi serverer gløgg på kaikanten.
Hotellet sine eigne jule-cocktails i Palmehagen. Vi oppmodar deg om å kle deg i din favoritt julegenser.
Vi inviterer til Vinrommet for å oppleve vår rikhaldige samling gode vinar rund langbordet. Pris per person er kr. 990,-, og påmelding gjerast til post@unionoye.no eller telefon 700 62 100.