På eventyr bak rattet

Visste du at i vår bakgard finn du fleire av dei nasjonale turistvegane? Atlanterhavsvegen, Trollstigen og alle dei andre som ikkje har fått nasjonal turistvegstatus, men kanskje burde ha det?

Atlanterhavsvegen, eit meisterverk i byggjekunst som snor seg mellom små øyar ytst i havgapet der bølgjene slår opp langs vegen i full storm. Trollstigen, som klatrar seg opp gjennom fjellet og tek deg til fleire kjende utsiktspunkt. Og ikkje minst våre løyndomar – som er minst like fine, men med mindre trafikk. Kjem du køyrande til oss, så ta deg god tid og nyt utsikta. Kjem du med fly så be oss om å ta deg med på ein av våre bilturar anten som transport mellom hotell og aktivitetar eller som ein aktivitet i seg sjølv – du vil ikkje angre.

Opplev Sunnmøre

Vi står gjerne til teneste med å skreddarsy ditt opphald for ei rikast mogeleg oppleving. Våre lokale guidar er her for å ta deg med på eit eventyr og delar gjerne av sine rike kunnskapar om vår region.