Palmehagen

Eit rom for feiring og nyting

Med utsikt over kjøkenhagen, tunhusa og med utsikt opp til Slogen, er Palmehagen den perfekte staden for å nippe til ein av Union Øye sine signaturcocktailar.

Palmehagen er dekortert på vegger og tak av våre eigne kunstnarar Henrik Koppen og Axel Charles Dahlgren og romet er ei oppleving i seg sjølv.  Finn roa, nyt utsikta og smak på ein av våre cocktailer med spanande smakar frå kjøkenhagen utanfor.