Vi står gjerne til teneste med å leggje til rette skreddarsydde aktivitetar for ditt opphald. Våre lokale guidar er her for å ta deg med ut på eventyr i vårt lokalområde og delar villeg sine kunnskapar om vår vakre region.
I fotspora til historiske eventyrarar kan du oppleve dei toppane som gjorde at dei stadig kom attende til fjordbygda Øye, og du kan bli vekkskjemd i dei same omgivnadane.
Slogen, Saksa og Urkeegga har du høyrd om, om du er kjent i norsk klatrehistorie, og i hotellet si stove kan du fordjupe deg i den berømte Climber’s book kor blant andre William C.Slingsby har gitt sine turskildringar for nemnde toppar for langt over 100 år sidan. Det gir ei heilt spesiell kjensle av høgtid å få del i noko som starta for så lenge sidan og som framleis lokkar fjellvandrarar frå heile verda, til same fjell, og same basecamp.
Klyv først og nyt etterpå.