BESTILLING – ENDRING – AVBESTILLING
HOTEL UNION ØYE https://www.unionoye.no/no/kontakt/
Alle bestillingar, endringar og avbestillingar skal skje skriftleg.
For å sikre kvaliteten på arrangement, må bestillinga vere skriftleg bekrefta frå vår side (hotella og/eller 62°NORD) – før informasjon kan bli sendt ut til øvrige deltakarar.
Ved gruppebestilling skal namneliste, program, kontaktinformasjon på leiar av gruppa, eventuelle allergiar og spesielle behov sendast til hotellet og/eller 62°NORD seinast 1 veke før arrangementet startar.
Pre-autorisasjon av kredittkort skal skje seinast ei veke før framkomst, og om ikkje anna er avtalt skal oppgjer av rom, minibar, bar og romservice o.l. skje ved utsjekk.
Ved bestilling for grupper på 5 rom alternativt 5 personar eller meir - vil eit a-konto beløp på 30 % av eit stipulert totalbeløp bli fakturert ved bekrefting av arrangementet.
AVBESTILLINGSBETINGELSAR FOR GRUPPER OVER 5 ROM | BETALING |
Meir enn 90 dagar før dato for arrangement | Ingen vederlag |
Mellom 90 og 60 dagar før dato for arrangement | 50 % av totalsum |
Mellom 60 og 30 dager før dato for arrangement | 80 % av totalsum |
Kortare enn 30 dager før dato for arrangement | 100 % av totalsum |
BETINGELSAR FOR REDUKSJON AV ANTAL ROMDØGN | BETALING |
Meir enn 90 dager før dato for arrangement | Ingen vederlag |
Mellom 90 og 60 dager før dato for arrangement | 50 % av totalsum |
Mellom 60 og 30 dager før dato for arrangement | 80 % av totalsum |
Kortare enn 30 dager før dato for arrangement | 100 % av totalsum |
Ei øking av antal rom og deltakarar må alltid vere avtalt med og bekrefta av hotellet minimum ei veke i forkant av arrangementet.
Ved ikkje-frammøte (No-show) – vil bekrefta rom og båttur/arrangement bli belasta 100 %.
BUY OUT
Ved booking av 80% av hotellet eller meir, tek hotellet attehald om at heile hotellet må kjøpast ut.
REDUKSJON AV MÅLTID
Reduksjon eller avbestilling av måltid seinare enn 14 dagar før arrangementet startar, vil bli fakturert til full kost. Alle endringar må sendast skriftleg til hotellet.
INNSJEKK OG UTSJEKK
Innsjekk mellom kl. 16.00 og kl. 18.00. Innsjekk etter kl. 18.00 må avtalast.
Utsjekk før kl. 12.00 – seinare utsjekk må avtalast.
Alle våre rom er røykfrie – ver venleg benytt eigne tilviste røykjeområde.
SKADE
Arrangør står økonomisk ansvarleg for eventuelle skadar på hotellrom, inventar eller anna utstyr orsaka av gjesten.
FOURCE MAJOURE
Om hendingar som er utanfor vår kontroll slik som streik, brann, ekstremt vêr og anna som gjer at opphaldet eller aktiviteten ikkje kan gjennomførast, tek vi atterhald om retten til å kansellere opphaldet eller aktiviteten utan viare ansvar for å betale kompensasjon.
Generelt dårleg vêr som er å sjå på som normalt for årstida i vår region – er i seg sjølv ikkje grunnlag for avbestilling og endrar ikkje gjeldande reglar for avbestilling.
FORSIKRING
Vi anbefaler alle våre gjestar å teikne ei avbestillingsforsikring hos eige forsikringsselskap som blant anna dekkjer avbestilling grunna sjukdom. I tillegg anbefalar vi alle våre gjestar å ha gyldig reiseforsikring.
PRISAR OG BETALING
Arrangør (bestillar) er ansvarleg for deltakarrekningar (bar, minibar, restaurant o.l.) som ikkje blir betalt.
Vi strebar etter å vere kontantfrie og vi oppmodar difor alle våre gjestar til kun å nytte seg av elektroniske betalingsløysingar. Som forbrukar og vår gjest vil dette vere ein trygg måte å reise på. Vi oppmodar til betaling med kredittkort, bankterminal er tilgjengeleg – og våre hotell aksepterar MasterCard, Visa og American Express. Det er kun norsk valuta – NOK som blir akseptert ved kontant oppgjer. Sjekkar eller reisesjekkar blir ikkje akseptert.
Vi tek atterhald om prisendringar som følgje av økte kostnadar på innkjøp, tenester, valuta, økte skattar og avgifter eller andre forhold som er styrt av eksterne partar.
Ein eventuell kreditt skal alltid vere avtalt og akseptert i forkant. Betalingsbetingelsar ved innvilga kreditt er netto pr 10 dagar. Sjå betalingsinformasjon for hotella og 62NORD i tabellen under – same informasjon er ført på faktura.
HOTEL UNION ØYE
Adresse: Hotel Union AS, N-6196 Norangsfjorden
Vat/Org.nr: NO 994 003 992
Bank: Sparebanken Møre
Konto nr: 3905 12 64006
IBAN: 53 3905 12 64 006
SWIFT: SPARNO22
BÅTTURAR OG ANDRE OPPLEVINGAR UTAN OVERNATTING
Alle bestillingar, endringar og avbestillingar skal skje skriftleg.
AVBESTILLINGSBETINGELSAR PÅ GRUPPER | BETALING |
Meir enn 14 dagar før avgang | Ingen vederlag |
Mellom 14-7 dager før avgang | 50 % av totalsum |
Kortare enn 7 dagar før avgang | 100 % av totalsum |
Reduksjon av inntil 10 % av antal deltakarar inntil 7 dagar før dato for arrangementet kan skje utan vederlag. Ved reduksjon av meir enn 10 % av antal deltakarar blir 50 % av det overskytande fakturert. Reduksjon av antal deltakarar seinare enn 7 dagar før dato for arrangementet blir belasta i si heilheit. Ei eventuell økning i antal deltakarar må alltid avtalast og bekreftast skriftleg av leverandør minimum 5 dagar i forkant av arrangementet.
62°NORD tek atterhald om endring eller kansellering av turar på grunn av uforutsette hendingar med utstyr eller mannskap – samt dårleg vêr. Når vêret tilseier at oppsatt rute ikkje er forsvarleg – atterheld 62°NORD ved sin båtførar seg retten til å kansellere turen. Alternativt kan båtførar endre rute – for å gje kundane ei god og trygg oppleving. Endra rute på grunn av vêrforhold gir ikkje grunnlag for prisreduksjon.
Kunden har ansvaret for å vurdere si eiga fysiske og psykiske form sett opp mot turen sitt innhald. RIB turar gjeng føre seg med høg fart og bølgjer – og er forbunde med ein ekstra risiko. Vi anbefalar ikkje RIB turar for gravide og folk med kjende sjukdomar som kan bli forverra ved køyring under nevnte forhold. Alle deltakarar på RIB turar må i forkant av turen signere på at deltakinga er på eige ansvar og risiko.
Kunde skal alltid rette seg etter dei tilvisningane som blir gitt av båtførar – båtførar har alltid det overordna ansvaret og den øverste myndighita på båten han/ho førar. Båtførar har også myndigheit til å nekte personar deltaking på våre aktivitetar om det vurderast som ein risiko for sikkerheita – dette er knytta til helse, fysisk form, påverknad av alkohol eller andre rusmiddel eller om dei førar seg på ein slik måte at det er til sjenanse for andre deltakarar.
Medbrakt utstyr på båtturane – som kamera, mobiltelefonar, vesker, smykker, briller o.l. blir teke med på eigen risiko.
Kundar som skal vere med på felles RIB turar må møte opp minimum 15 minutt før oppsatt tid for avgang for påkledning av flytedress og anna utstyr. Vi tilrår i tillegg praktiske sko som toler vatn og varme klede, hue og hanskar om vêret og temperaturen tilseier det. Vi anbefalar vanntett beskytting av mobiltelefonar og eventuelt kamerautstyr.
Ved for seint oppmøte risikerar kunden å ikkje få være med på turen – eller at turen blir tilsvarande kortare. Turen må uansett betalast i si heilheit og vil ikkje bli refundert.
DOMSTOL
Ved all uenigheit mellom partane i denne avtalen som ikkje blir løyst utan domstol – vil saka bli ført for ein lokal norsk rett og den si avgjering vil vere endeleg.
PERSONVERN POLICY
https://www.62.no/no/personvern--informasjonskapsler/
Vi tek atterhald om eventuelle endringar i vilkår for eit enkelt arrangement eller ei gitt tid – hotellet eller leverandør av arrangementet vil gje informasjon om dette.