Frå 19 710,-
Opplev ei storslegen 17. mai-feiring i nasjonalromantiske omgivnadar på Union Øye. Vi dukar opp til ein ekstravagant 17. mai-frukost, marsjering i bygdetoget, og eit smakfullt innblikk i det vidkjende sunnmørske kakebordet.
Helga er via til eineståande matopplevingar. Med råvarer i sesong, henta frå lokale produsentar og vår eigen kjøkenhage lovar vi ei rekkje kulinariske høgdepunkt. Bli med på ei smaksreise med dei beste vinar, cocktails og rettar frå vårt kjøken.
Hjarteleg velkomen til ei helg fylt med festivitet og nydelege smakar på Øye.