BESTILLING

Gjesten vil motta ei bekrefting på bestillinga via SMS eller epost. Det er 18 år aldersgrense på bestilling av overnatting. Hotellet tek atterhald om retten til å kansellere bookinga ved ankomst om gyldig legitimasjon ikkje kan visast fram.  

INNSJEKK – UTSJEKK – AVBESTILLING

Innsjekk mellom kl. 16.00 og kl. 18.00. Innsjekk etter kl. 18.00 må avtalast.  

Utsjekk før kl. 12.00 – seinare utsjekk må avtalast.

Pre-autorisasjon av kredittkort skal skje ei veke før framkomst eller seinast ved innsjekk, og om annet ikkje er avtalt skal oppgjer av rom, minibar, bar og romservice o.l. skje ved utsjekk.

Ved ikkje-frammøte (No-show) – vil bekrefta rom og båttur/arrangement blir belasta 100 %.

Avbestilling av bekrefta hotellrom må skje seinast 5 døgn før avtalt framkomst. Hvis bekrefta hotellrom blir avbestilt mindre enn 5 døgn før avtalt framkomst – vil bekrefta pris bli belasta i si heilheit.

Avbestilling av bekrefta skreddersydde pakkar (inntil 5 rom og/eller inntil 5 personar) – må skje seinast 4 veker før avtalt framkomst. Hvis bekrefta skreddersydd pakke blir avbestilt mindre enn 4 veker før avtalt framkomst – vil avtalt pris på pakken bli belasta med 80 %.   

Alle våre rom er røykfrie – ver venleg og benytt eigne tilviste røykeområde.

SKADE

Gjesten står sjølv økonomisk ansvarleg for eventuelle skadar som blir påført hotellrom, inventar eller anna utstyr.

FOURCE MAJOURE

Om hendingarsom er utanfor vår kontroll slik som streik, brann, ekstremt vêr og anna som gjer at oppholdet eller aktiviteten ikke kan gjennomførast, tek vi atterhald om retten til å kansellere opphaldet eller aktiviteten utan viare ansvar for å betale kompensasjon.

Generelt dårleg vêr som er å sjå som normalt for årstida i vår region – er i seg sjølv ikkje grunnlag for avbestilling og endrar ikkje gjeldande reglar for avbestilling.

FORSIKRING

Vi anbefalar alle våre gjestar å teikne ei avbestillingsforsikring hos eige forsikringsselskap som blant anna dekkjer avbestilling grunna sjukdom. I tillegg anbefalar vi alle våre gjestar å ha gyldig reiseforsikring.

PRISAR OG BETALING

Vi tek atterhald om prisendringer som følgje av økte kostnadar på innkjøp, tenester, valuta, økte skattar og avgifter eller andre høve som er styrt av eksterne partar.

Vi strebar etter å være kontantfrie og vi oppmodar våre gjestar til å nytte seg av elektroniske betalingsløysingar. Som forbrukar og vår gjest vil dette vere ein trygg måte å reise på.  

Vi oppmodar til betaling med kredittkort, bankterminal er tilgjengeleg – og våre hotell aksepterar MasterCard, Visa og American Express. Det er kun norsk valuta – NOK som blir akseptert ved kontant oppgjer. Sjekkar eller reisesjekkar blir ikkje akseptert.   

Ein eventuell kreditt skal alltid vere avtalt og akseptert på førehand. Betalingsbetingelsar ved innvilga kreditt er netto pr 10 dagar. Betalingsinformasjon for hotella og 62°NORD er påført ein eventuell faktura.

BETALING PÅ FØREHAND

Vi tek atterhald om retten til å be om betaling på førehand.

DOMSTOL

All ueinigheit mellom partane i denne avtalen som ikkje blir løst utan domstol – vil saka bli ført for ein lokal norsk rett og dets avgjering vil vere endeleg.

BÅTTURAR OG ANDRE OPPLEVINGAR

62°NORD tek atterhald om endring eller kansellering av turar på grunn av dårleg vêr, uforutsette hendingar med utstyr eller mannskap. Kapteinen kan av årsakar om sikkerheit velje ei anna rute enn den som er satt opp. Endra rute på grunn av vêr gir ikkje grunnlag for refusjon av billett.     

Alle turar med båt er på eigen risiko. Gjesten har ansvaret for å vurdere si eiga fysiske og psykiske form sett opp mot turen sitt innhald. RIB turar gjeng føre seg med stor fart og bølgjer – og er forbunde med ein ekstra risiko. Vi anbefaler ikkje RIB turar for gravide og folk med kjende sjukdomar som kan bli verre ved køyring under nemnde forhold. Alle deltakarar på RIB turar må i førekant av turen signere på at deltakinga er på eige ansvar og risiko.   

Gjesten skal alltid rette seg etter de anvisningar som blir gitt Kaptein – Kaptein har alltid det overordna ansvaret og den øverste myndigheita på båten han/ho førar. Kaptein har også myndigheit til å nekte personar deltaking på våre aktivitetar om det blir virdert som ein risiko for sikkerheita – dette knytta til helse, fysisk form, påvirkning av alkohol eller andre rusmiddel eller om de førar seg på en slik måte at det er til sjenanse for andre deltakarar.

Medbrakt utstyr på båtturane – som kamera, mobiltelefonar, vesker, smykker, briller o.l. blir tekne med på eigen risiko.

Kundar som skal vere med på felles RIB turar må møte opp minimum 15 minutter før oppsatt avgangstid for påkledning av flytedress og anna utstyr. Vi anbefalar i tillegg praktiske sko som tåler vatn og varme klede, hue og hanskar hvis vêret og temperaturen tilseier det. Vi anbefalar vanntett beskyttelse av mobiltelefonar og eventuelt kamerautstyr.

Ved for seint oppmøte risikerar kunden å ikkje få vere med på turen – eller at turen blir tilsvarande kortare. Turen må uansett betalast i si heilheit og vil ikkje bli refundert.

PERSONVERN POLICY

https://www.unionoye.no/no/personvern--informasjonskapsler/

Vi tek atterhald om eventuelle endringar i betingelsar for eit enkelt arrangement eller ei gitt tid – hotellet eller leverandøren av arrangementet vil gi informasjon om dette.