Det fortryllande hotellet ved fjorden

I enden av Norangsfjorden, på Øye, ligg eit av Europas mest herskapelege hotell. Hotel Union Øye har vore eit attraktivt reisemål for fjellfolk, kongelege, forfattarar og elskarar i generasjonar. Heilt sidan opninga i 1891 har hotellet vore ein stad kor gjestar kjem for å nyte stilla, roa og det gode liv i storslegne omgivnadar. 

Sidan fordums tider har Hotel Union Øye vore ein stad for ro og kvile for reisande, eventyrarar, kongar og dronningar frå heile verda. Roma har fått navn etter kjende personledomar som har budd her; Keiser Willhelm, Kong Oscar, Dronning Maud og Prinsesse Victoria; forfattarane Karen Blixen, Knut Hamsun, Henrik Ibsen og Sir Arthur Conan Doyle; komponisten Edvard Grieg, fjellpionerar William Cecil Slingsby og Kristoffer Randers og polfarar Roald Amundsen for å nemne nokre.

Hotellet

Gjesteparkering

Vi har parkering på austsida av hotellet mot Norangsdalen. Her er god plass og fleire ladepunkt for El-bilar.

Hotellet

Gjesteparkering og Elbil-ladepunkt

Vi har fleire ladepunkt for Elbil ved steingarden på parkeringsplassen. Vi legg til 350,- for lading til rekninga ved utsjekk.

Hotellet

Klyngetun

Fem gjestehus på tunet bygd i gamal tradisjonell arkitektonisk stil som i bygda Øye. Den tradisjonelle vestnorske gårdsbebyggjinga vart bygd opp av ulike gardar som ligg tett i tett. Husa på tunet romar 13 rom og er laga i ein meir rustikk estetikk som vil komplementere hovudhuset.

Les meir

Hotellet

Låven

Vår Gildehall for spesielle arrangement som konsertar, utstillingar, feiringar og konferansar. Med bar og serveringskjøkken er dette ein perfekt stad for eit større arrangement. På bakkenivå finn du vårt consierge-team for aktivitetar. Med guida fotturar og kajakkturar dagleg er dette staden du får hjelp til å ruste deg opp til ein dag i aktivitet. Kontakt vår consierge for å booke aktivitetar eller for å bli med på dei daglege turane.

Hotellet

Aktivitets-consierge

Vårt aktivitetskontor vil introdusere deg til omgivnadane våre. Med daglege guida turar i kajakk eller på fjelltur vil vi sørge for at du har alt du treng til dine eventyr. Kontakt vår consierge for aktivitetar.

Hotellet

Torestova

Eit gjestehus i hagen med tre soverom, eit lite kjøkken og stove. Perfekt for ein venegjeng eller famile som vil skape gode minner i fjorden vår.

Les meir

Hotellet

Tre nye Suitar

Alle med salong, peis, balkongar og badekar. Kvar enkel er designa for å heidre ein tidligare gjest – ein konge, ei dronning og ein fjellklatrar.

Les meir

Hotellet

Biblioteket

Til ære for våre fordums tider banebrytande pionerar er biblioteket heimstad for vår dyrebare boksamling av antikke alpine journalar og nyare bøker fylt med inspirasjon. Her vil du kunne sjå den originale utgava av The Climbers Book datert tilbake til 1863 og andre historiske gjenstandar frå Union Øye. Len deg tilbake i ein av dei djupe lenestolane til lyden av den knitrande peisen og bli teken attende til ei anna tid, på toppenn av eit fjell.

Les meir

Hotellet

Stovene

Ein stad for historieforteljling og levande pianomusikk om kvelden. Kor du kan samle tankane og nyte lange samtalar framfor peisen.

Hotellet

Palmehagen

Med utsikt mot urtehagen, Klyngetunet og Slogen er vår bar og loungeområde den beste staden for å nippe til ein av våre signaturdrinkar som Slingsby Sling eller Glass of Grieg. Fortryllande og forunderleg.

Les meir

Hotellet

Vinromet

Ein stad å beundre vår rikhaldige samling gode vinar. Med to separate rom, eit for raudt eit for kvitt. Rundt langbordet har vi vinsmakingar og kurs med enkel servering. Book tid hjå vår sommelier for ei privat vinsmaking.

Les meir

Hotellet

The Game Room

Ein stad å trekkje seg attende etter middag for ei stund framfor den opne peisen med eit glas whiskey frå den lille baren og den gode samtalen. Biljardbordet som er datert attende til 1891 fortel ei historie i seg sjølv med mange kampar utkjempa på den grøne filtmarka.

Les meir

Hotellet

Orangeri

Restauranten med antikk peis, ein lounge og uteservering. Nyt eit nydeleg måltid med spektakulær utsikt mot kneisande tindar i alle retningar.

Les meir

Hotellet

Landskapshagen

Som inkluderar sitjegrupper, paviljong, buegang, stiar, ein krokketplen og ein dam – for liljer om somaren og skeisser om vinteren.

Hotellet

Kjøkenhagen

Ein kjøkenhage der våre kokkar og bartenderar hentar ferske og ureiste ingrediensar til fortryllande matopplevingar og våre signaturcocktails.

F&Q

Ofte stilte spørsmål

Når er innsjekk og utsjekk?

Innsjekk er frå kl. 16.00 og utsjekk kl. 12.00. Ynskjer de tidleg innsjekk eller sein utsjekk kan de kontakte oss på epost eller telefon.

Kva for antal rom har hotellet?

38

Vask av klede

Vi tilbyr vask av kle mot avgift. Lever vaskeposen i resepsjonen, så ordnar dei resten.

Kan eg ta med borna?

Hotel Union Øye er ikkje eit typisk bornevenleg hotell med bornemenyar og leikerom, men borna er hjarteleg velkomne til oss i alle høve, og utomhus høvar omgivnadane våre seg svært godt til leik i det fri.

Er hotellet tilpassa handicap?

Me har tilpassa båe rom og adkomst til våre fellesområde for handicap. Her er alle hjarteleg velkomne!

Kan eg ta med hunden?

Vi har hundevenlege rom slik at din firbeinte ven kan få vere med deg. Der tilkjem ei ekstra avgift til rekninga ved utsjekk.

Kan vi leggje til med vår private båt?

Hotellet sine gjestar er hjarteleg velkomne til å leggje til sin eigen båt ved hotellet si brygge.

Kan eg bestille bord i restauranten?

Alle er hjarteleg velkomne til å bestille bord til lunsj og middag. Eller kva med eit kakestykke og ein god kopp kaffi i hagen på ein solfyllt dag? Kontakt oss på epost for å bestille.

Korleis kjem eg meg til Øye?

Under menypunktet "Reise hit" finn du fleire alternative ruter til Øye med direkte link til Google maps.