Korleis kome hit

Det er fleire måtar å reisa til vakre Øye. Anten du føretrekkjer å ta turen med bil, gjennom fjordane i båt eller med fugleperspektiv frå lufta i helikopter, er reisa til Union Øye ein del av opplevinga – og like vakkert i alle årstider. Hugs å sett av nok tid til å nyta dei spektakulære naturopplevingane, du vil garantert ta mange fotostop

Direktefly

Ålesund Lufthavn Vigra:

  • Oslo (SAS and Norwegian)
  • Bergen (SAS and Widerøe)
  • Trondheim (Widerøe)
  • København (SAS)
  • Amsterdam (KLM)

Hovden Lufthavn:

  • Oslo (Widerøe)
  • Bergen (Widerøe)

Med bil

Sunnmøre er heim for fleire av Noregs vakraste bilturar. Og det er fleire veg til Øye og me har open veg til hotellet heile året. Ta turen gjennom majestetiske Norangsdalen eller kom fjordvegen via Sæbø. Alle køyreruter inkluderer nydelege ferjekryssingar.

Merk at rutene frå Ålesund også gjeld for dei som reiser frå Ålesund Lufthavn Vigra, Broundet og Storfjord.

Nyttar du Google Maps vil du og finna ei rute via Standal. Denne inkluderer ei ferje med eit svært avgrensa tal avgangar, berre to om dagen – rådet vårt er at du ikkje vel denne ruta.