Ein dag med eventyr blant fjord og fjell

Ein fleiraktivitetsdag på Øye kan ta deg frå sykkelsetet i vakre Norangsdalen, til ein fjelltopp med utsikt over fjord og Sunnmørsalpane – og vidare ut på det grøne fjordvatnet i kajakk. Her ligg alt tett på: bratte stiar som startar nesten ved dørstokken, fjorden rett nedanfor hotellet, og dalen som slyngar seg innover mellom gamle støylar og bratte fjellside. Du vel sjølv tempoet – guiden legg opp dagen saman med deg.

Det er mogleg å ta med matpakke, eller legge inn ein pause på hotellet for å nyte ein god lunsj mellom slaga.

Guida opplevingar

Aktivitetsdag

Frå 12 000–15 000 for gruppar frå 1 til 8 personar

Aktivitetsdag

Inkludert

  • Guide heile dagen
  • El-sykkel og hjelm
  • Kajakkutstyr

Kan kjøpast i tillegg

  • Forfriskningar
  • Matpakke eller lunsj på hotellet