Ein smakfull ettermiddag

Kvar tysdag og torsdag gjennom sommaren vert Afternoon Tea servert i den historiske Solstova. Gå tilbake i tid med denne tradisjonen i eit rom som har tent fornemme folk dei siste hundre åra.

Lokale smakar og heimelaga delikatesser vert serverte saman med eit utval teblandingar, og noko boblande i glaset dersom ønskeleg.

Her får du servert fire etasjar som tek deg frå salt til søtt – frå smørbrød til scones, bakst og petit fours. Vår kjøkkensjef Anette Myrhagen har saman med husets konditor, Eleftheria Petraki, komponert ein meny som består av lokale råvarer og heimelaga delikatessar, og som endrar seg med sesongane. 

Midt på bordet tronar fire etasjar med godsaker. Etasjefata er laga lokalt i nabobygda av JES redesign, komponerte av gjenbrukte fat i klassisk blått.

Bordsete gjennom sommaren

Tysdag og torsdag

14 – 16

Pris

850,- inkludert te


1 050,- inkludert Champagne

Afternoon Tea stammar heilt tilbake til 1840-talet, og ein kan lett sjå for seg korleis tidlegare prominente gjester naut ein smakfull ettermiddag i desse same rommene. Her har gjester som Dronning Maud og vesle Kong Olav fått servet delikatessar, og no er det din tur.

Vår Afternoon Tea gir ein smak av Union Øye, men bevarar klassiske smakar og tradisjonelle metodar – slik at du kan gløyme tid og stad for eit lite augeblikk.

Tradisjon tru