Hopp til hovedinnhold

Juleselskap

Ein stemningsfull førjulskveld djupt inne i Norangsfjorden.
Elegant dining room in a conservatory setting, featuring tables with white linens, candelabras, and abundant natural floral decor.

Ein stad for feiring

Conservatory på Union Øye er ein av dei vakraste rammene for eit julebord – med utsikt mot fjorden, levande lys og ein meny laga av råvarer frå regionen. Gjennom november og desember ønskjer vi lag, familiar og venner velkomne til ein stemningsfull julekveld djupt i Norangsfjorden.

8. november – 22. desember 2026

Julebord på Union Øye

Inkludert

3-rettars middag i Conservatory
Kaffi og heimelaga julekaker
Overnatting
Frukost
Historieforteljing

Frå 5 180,- per rom


Conservatory

Om middagen

Julebordmenyen er laga med same omtanke som alle måltid på Øye – lokale råvarer, sesonganes smakar og respekt for handverket. Etter middagen byr vi på kaffi og heimelaga julekaker, og kvelden rundar av med historieforteljing i Solstova.

Godt å vite

Pakken inkluderar overnatting og passar like godt for bedrifter som for familie og venner.

Er de fleire enn ti personar, tek de kontakt med oss direkte på post@unionoye.no, så hjelper vi med tilrettelegging og praktiske detaljar.