
Afternoon tea
Kvar onsdag og laurdag serveres Afternoon tea i Solstova, 14–16. Reserver bord for ei smaksoppleving med historiske røter.

Påska er ein kjær tid då generasjonar samlast for ulike friluftsaktivitetar og hyggelege samankomstar. På Union Øye er omgivnadane som skapt for påsketida, med snødekte fjelltoppar og den stille fjorden.
Påskedagane byr på skigåing i fjella, trugeturar og moglegheita til å utforske det spektakulære fjordlandskapet her på Sunnmøre. Etter ein dag ute gjer det godt å vende tilbake til varmen innandørs der knitrande peisar og komfortable sitjegrupper inviterar til avslapping med ei bok og noko varmt å drikke.
I gameroom kan du utfordre familien til brettspel eller ei runde snooker, før det er tid for å nyte eit betre måltid basert på det beste sesongen har å tilby.
Her på Union Øye har vi også nokre eigne påsketradisjonar for våre gjester: Sauna og eit forfriskende morgonbad i fjorden, påskequiz i Løda, bålpanne og varm drikke i hagen, afternoon tea i Solstova og tur til Gamma for bålkos og ein deilig kopp varm sjokolade.
Påskeferie

24. til 29. mars 2027
Påska på Union Øye har si eiga stille rytme. Kvar morgon byrjar med sauna og eit forfriskende bad i fjorden, før eller etter frukost. Kvar dag serveres det påskelunsj i Conservatory, a la carte middag i den historiske spisesalen og signaturmeny torsdag til laurdag foran peisen i Conservatory. Etter middag er det historieforteljing i Solstova der vertskapet fortel om historia til hotellet og om nokre av dei verdskjende gjestane som har vore på besøk i tidlegare tider. Gjennom påskedagane utfoldar programmet seg rundt årstida med påskequiz i låven, bålpanner i hagen og Afternoon Tea.
Det fullstendige programmet kjem nærare påska.

