Hopp til hovedinnhold

Mat og drikke

Sidan 1891 har vi husa ei unik samling inspirerande gjestar som fjellfolk, kunstnarar og kongelege frå fjernt og nært gjennom generasjonar. Felles for dei fleste er at måltidet har vore dagens høgdepunkt. I fortryllande omgivnadar let ein seg forføre av matopplevingar som er verd reisa i seg sjølv.

Conservatory

Ei eksklusiv restaurantoppleving med ein sesongbasert meny.

En lys, luksuriøs stue med store vinduer, buet mønstret sofa, stor palmeplante, fjærstående lampe og lysekrone.

Palmehagen

Det sosiale hjartet av hotellet, med handlaga cocktails og smårettar

Onsdag og Laurdag

14.00 ——— 16.00

Afternoon Tea

Kvar onsdag og laurdag serveres Afternoon Tea i Solstova. Lokale smakar, heimelaga delikatesser og utsøkte tear serveres over fire etasjar, frå salte smårettar til søte bakverk. Menyen følgjer årstidene og framhevar lokale råvarer.

Måndag – søndag

08.00 ——— 10.00

Frukost

Start dagen med ein lang frukost i våre restaurantar. Kvar morgon serverer vi ein kald buffet fylt med lokale delikatesser – spekemat frå Ringdal, røykelaks og nøye utvalde ostar frå regionen. Kjøkknet vårt bakar ferskt brød kvar dag, og kvar haust konserverar vi handplukka bær frå dalane rundt til våre heimelaga syltetøy. Frå à la carte-menyen kan du velje mellom delikate varme retter som eggs royale og vår tradisjonelle havregraut som vi har servert i generasjonar. Denne tilnærminga ga Union Øye ein andreplass i den prestisjetunge Twinings-frukostkåringa, og sikrar ein storslått start på dagen midt i fjordlandskapet.

Tysdag til laurdag

15.00 ——— 18.00

Kjellarmeisterens kontortid

Tirsdag til laurdag er kjellarmeisteren til stades mellom klokka 15 og 18, klar til å rettleie deg gjennom utvalet. I kjellarmeisterens kontortid treng de ikkje å bestille tid på førehand.

Sett deg ved langbordet for ei guida smaking, eller la kjellarmesiteren anbefale eit glas for kvelden.

Ein smak av fjordane

Omkransa av frodige dalar og majestetiske fjordar, ligg Union Øye i ein region rik på dei aller beste lokale råvarane frå fjorden, jorda og årstidene på Sunnmøre. Vårt kjøken hentar råvarer direkte frå lokale produsentar, og nyttar klassiske teknikkar i foredlinga av råvarene.

Som ein del av Relais & Châteaux er vi forplikta til ei matoppleving som er ærleg, sesongbasert og forankra i regionen vår.