Hopp til hovedinnhold

Den historiske spisesalen

Den historiske spisesalen på Union Øye har alltid vore ein samlingsstad. Vi lagar mat slik det blei gjort her før – langsamt, med røter og respekt for råvarene. Enkle rettar forankra i lokalområdet, i fjorden, i jorda og i eit handverk som krev tid, laga for både hotellgjestar og lokalbefolkning.
En elegant restaurantspisesal med dekkede bord, kurvstoler, stearinlys og blomster.

Opningstider

  • Lunsj 12.30 – 15.00
  • Middag 18.00 – 20.30
  • måndag – søndag

Måndag – søndag

18.00 ——— 20.30

Middag

Velkomen til bords i den historiske spisesalen der både Roald Amundsen, Bjørnstjerne Bjørnson og kongelege har stilla svolten før deg. Her i huset si historiske storstove blir det servert À la carte middag kvar kveld, laga med dei beste råvarene frå vår region.

Vi trur at luksus ikkje handlar om forklaringar eller raffinert iscenesetjing, men om nærvær, varme og integritet. Her kjenner du deg som ein gjest i ein heim med historie, der atmosfæren er varm, levande og inkluderande.

Måndag – Søndag

12.30 ——— 15.00

Lunsj

Eit roligare tempo, men med den same omtanken. Lunsj i den historiske spisesalen er ei uforstyrra oppleving med enkle rettar laga av sesongens råvarer. Vi arbeider med klassiske teknikkar, men med ei moderne kjensle av lettheit og presisjon.

Alt får den tida det treng for å bli slik det skal vere: krafta får koke langsamt, brødet får heve i fred, og vi tek oss tid til å sylte, røyke og lage mat skikkeleg, slik at smakane får utvikle seg med ro og omtanke. Hotellgjestar og lokalbefolkning er like velkomne til vår À la carte lunsj.