Oppdag dei magiske vinterfjordane på Øye

Vinteren på Union Øye er ei soge i seg sjølv. Eit ubestrideleg vakkert utgangspunkt for å leggje ut i kajakk på Norangsfjorden – ein fortryllande avstikker frå Hjørundfjorden. Her er du godt skjerma frå Atlanterhavet sine luner. Bølgjene vert dempa og overflata ligg stille og inviterande.

I hjartet av fjordane, omringa av dei snøkledde Sunnmørsalpane padlar du mellom tusen meter høge fjelltoppar, der det einaste som bryt det stille vatnet er lyden av dine eigne padletak. På denne tida av året er fjorden så klar at du kan observere sjøørreten og anna liv under kajakken. Vender du blikket oppover er sjansane store for å observere havørn.

Like stort som eventyret på fjorden, er opplevinga av å vende tilbake til hotellet. Der ventar knitrande peisar, lune stover og smakfulle måltid i godt selskap.

mars og april

Kajakkhelg

Frå 13 090,- for to personar i dobbeltrom i to netter

Kajakkhelg

Inkludert

  • Overnatting i dobbeltrom 2 netter
  • 2-retters middag fredag
  • 3-retters smaksmeny laurdag
  • frukost
  • Guida kajakktur
  • Matpakke

Oppgrader opphaldet

  • Guida aktivitetar
  • Transport til/frå flyplass