Hotel Union Øye har ei lang og interessant historie. Vi har husa ei unik samling inspirerande gjestar som fjellfolk, kunstnarar og kongelege frå fjernt og nært gjennom generasjonar. Felles for dei fleste er at måltidet har vore dagens høgdepunkt. I fortryllande omgivnadar let ein seg forføre av matopplevingar som er verd ei reise i seg sjølv.
Frukost
8 ——— 10
Lunsj
12.30 ——— 15.00
Smårettar
12:30 ——— 17:00
Middag
18 ——— 21
Velkomen til bords i vårt Orangerie for frukost, lunsj og middag. Når sola kjem fram kan du la deg freiste til eit måltid i hagen. I vår gourmetrestaurant presenterar vi ein meny som får det beste av lokale råvarer til å skine. Basert på sesong og tilgjengelegheit blir menyen endra dagleg. Noko som gjev rom for kreativitet alle matentusiastar elskar. Ønskar du eit lettare måltid kan du nyte noko godt frå vår snacksmeny som blir servert heile dagen på hotellet.
"Kjøkenet vårt vert forma av vårt tette samarbeid med lokale bønder og leverandørar, og gjennom å hylle vår kulinariske arv."
Opplev vår rikhaldige samling gode vinar. Med to separate rom, eit for raudt eit for kvitt. Rundt langbordet har vi vinsmakingar og kurs med enkel servering.