Når fjella kallar

Djupt inne i fjordane, mellom stupbratte fjell og ruvande tinder, ligg herkspelege Union Øye. Eit fortryllande fjordslott som sidan 1800-talet har lokka folk som jaktar eventyr. Det er i desse fjellsidene dei modigaste målar svingande mønster i snøen, før korrekturlakken drysser frå skyene til neste dag. Det er her dei vert skapt, historiene som blir fortalt igjen og igjen. Fordi augene aldri har sett noko vakrare, kroppen sjeldan har kjent noko tyngre og nervane dansar mellom spaning og lykke. 


Topptur-helg frå 16 010,-

Pakken er prisa per person og inkluderar:
– tre dagar med guidet topptur
– overnatting i dobbeltrom tre netter
– tre middager
- matpakker til alle turer
- frokost alle dager
- historiefortelling

Tilgjengelege helgar
23.–26. februar | 23.–26. mars | 6.-9. april | 27.–30. april 

Kven passar turen for

På turane vil vi ha fokus på gode opplevingar og meistring, og guiden vil komme med nyttige tips som ein kan ha nytte av for eigne toppturar i framtida. For å skape den beste opplevinga for deg og di gruppe skreddersyr vi opplegget tilpassa gruppa sitt nivå, ønskjer og forutsetningar. Grunnleggjande skiferdigheiter er dog eit krav. Vi kan by på nye topptureventyr kvar dag, herskapelege omgivnadar og kulinariske matopplevingar i hjartet av Sunnmørsalpene. 

Program

Torsdag
Samling i peisestova kl.17. Guiden dykkar presenterar programmet for helga, med oppdatering om vêr og snøføre. Det vil også bli ein siste sjekk av utstyr. Etter samlinga blir det vinsmaking i vinkjellaren før middag.

Fredag og laurdag
Frukost i Orangeriet. Turmålet for dagen vil bli tilpassa til gruppa, vêr og føre. Guiden vil gjere sitt beste for å finne den ultimate turen med god snø og moro skikøyring. Vi smører ein deilig matpakke til deg, og lunsjen tek vi saman på fjellet. Ettermiddagen har vi i vakre omgivnadar, med moglegheit for å kjøpe seg noko forfriskande i Palmehagen. Nysgjerrig på å lære mer om fjella si historie? I biblioteket finn du antikke alpine journalar og nyare bøker fylt med inspirasjon og som kan ta deg over 100 år tilbake i tid. Om kvelden serverar vi ein nydeleg 3-rettars middag for svoltne og støle kroppar i Orangeriet.

Søndag
Etter frukost møtes vi med kaffekoppen for info om dagens tur. Guiden vil også være tilpasningsdyktig til eventuelle heimreisetider. Husk å ta med matpakken frå hotellet, og nyt ein siste dag i eventyrlege Sunnmørsalpane.

Leige av utstyr

Vi tilbyr leige og testing av toppturpakkar og utstyr. Dersom du ønsker å leige utstyr på ein av våre guida turar, ber vi deg om å gi beskjed i god tid på førehand. Då får vi finne fram utsyr som passar deg. Vi har blant annet utleie av ski, skistøvlar, skredutstyr og hjelm.