Karriere

Hotel Union Øye leitar etter talent som vil vere med å forme destinasjonen vår for generasjonar. Akkurat som deg er vi i konstant utvikling og har ein tydeleg visjon om å påvirke alt kring oss i ei positiv retning. Som ein del av eit familieeigd selskap får du mogelegheit til å skape reiseopplevingar i verdsklasse på Sunnmøre – med urørt natur, smale fjordar og majestetiske fjell som din leikeplass. Med eit unikt detaljfokus sørgjer vi for minnerike møte med den norske levemåten. Frå det nordiske kjøkenet, til ekstreme tindar.