Fasilitetar
Fem gjestehus på tunet bygd i gamal tradisjonell arkitektonisk stil som i bygda Øye. Den tradisjonelle vestnorske gårdsbebyggjinga vart bygd opp av ulike gardar som ligg tett i tett. Husa på tunet romar 13 rom og er laga i ein meir rustikk estetikk som vil komplementere hovudhuset.
Fasilitetar
Fasilitetar
Eit gjestehus i hagen med tre soverom, eit lite kjøkken og stove. Perfekt for ein venegjeng eller famile som vil skape gode minner i fjorden vår.
Fasilitetar
Alle med salong, peis, balkongar og badekar. Kvar enkel er designa for å heidre ein tidligare gjest – ein konge, ei dronning og ein fjellklatrar.
Fasilitetar
Med utsikt mot urtehagen, Klyngetunet og Slogen er vår bar og loungeområde den beste staden for å nippe til ein av våre signaturdrinkar som Slingsby Sling eller Glass of Grieg. Fortryllande og forunderleg.
Fasilitetar
Til ære for våre fordums tider banebrytande pionerar er biblioteket heimstad for vår dyrebare boksamling av antikke alpine journalar og nyare bøker fylt med inspirasjon. Her vil du kunne sjå den originale utgava av The Climbers Book datert tilbake til 1863 og andre historiske gjenstandar frå Union Øye. Len deg tilbake i ein av dei djupe lenestolane til lyden av den knitrande peisen og bli teken attende til ei anna tid, på toppenn av eit fjell.
Fasilitetar
Vår Gildehall for spesielle arrangement som konsertar, utstillingar, feiringar og konferansar. Med bar og serveringskjøkken er dette ein perfekt stad for eit større arrangement. På bakkenivå finn du vårt consierge-team for aktivitetar. Med guida fotturar og kajakkturar dagleg er dette staden du får hjelp til å ruste deg opp til ein dag i aktivitet. Kontakt vår consierge for å booke aktivitetar eller for å bli med på dei daglege turane.
Fasilitetar
Restauranten med antikk peis, ein lounge og uteservering. Nyt eit nydeleg måltid med spektakulær utsikt mot kneisande tindar i alle retningar.
Fasilitetar
Ein stad å beundre vår rikhaldige samling gode vinar. Med to separate rom, eit for raudt eit for kvitt. Rundt langbordet har vi vinsmakingar og kurs med enkel servering. Book tid hjå vår sommelier for ei privat vinsmaking.
Fasilitetar
Som inkluderar ein grønnsakshage, sitjegrupper, paviljong, buegang, stiar, ein krokketplen og ein dam – for liljer om somaren og skeisser om vinteren.
Fasilitetar
Ein stad å trekkje seg attende etter middag for ei stund framfor den opne peisen med eit glas whiskey frå den lille baren og den gode samtalen. Biljardbordet som er datert attende til 1891 fortel ei historie i seg sjølv med mange kampar utkjempa på den grøne filtmarka.
Fasilitetar
Ein stad for historieforteljling og levande pianomusikk om kvelden. Kor du kan samle tankane og nyte lange samtalar framfor peisen.
Fasilitetar
Vårt aktivitetskontor vil introdusere deg til omgivnadane våre. Med daglege guida turar i kajakk eller på fjelltur vil vi sørge for at du har alt du treng til dine eventyr. Kontakt vår consierge for aktivitetar.