Vi tek vare på naturen, menneska og fellesskapet som omgjev oss.
Union Øye er eit sertifisert grønt hotell og eit stolt medlem av organisasjonen Miljøfyrtårn.
Hotel Union Øye ligg i eit lite bygdesamfunn ved vestkysten av Noreg, i bygda Øye. Difor er det viktig for oss å ta vare på dei lokale aktørane. Vi satsar lokalt og handlar råvarer frå nettopp desse. Menyen vår består hovudsakleg av regionale og nasjonale råvarer – og nokre av dei kjem til og med frå vår eiga hage eller frå naturen rundt oss, som sopp og ramslauk.
Som eit historisk hotell tek vi òg på oss rolla som formidlar og forvaltar av kulturarven. Dette gjer vi gjennom historieforteljinga vår og ved å ta vare på dei vakre bygningane våre, i tillegg til å ta vare på den UNESCO-lista seterkulturen.
For oss er menneska det viktigaste. Difor gjev vi det vesle ekstra for at dei tilsette skal trivast. Vi veit at dagpendling kan vere krevjande, og for å hjelpe til med dette tilbyr vi bustad til dei tilsette her på Øye. I 2022 bygde vi leilegheiter slik at medarbeidarane våre skulle ha ein god stad å bu.
Vi ønskjer at dei tilsette skal ha det bra både på jobb og i fritida. Vi legg til rette for gode stunder saman utanom arbeidstid, med tilgang til utstyr, bruk av badstove og felles fredagstrim. Vi ønskjer å bidra til eit levande lokalsamfunn. Difor inviterer vi både gjester og lokalbefolkning til arrangement som påskequiz, lødefest og ulike foredrag. For oss handlar berekraft òg om fellesskap og tilhøyrsle. Union Øye har alltid vore ein del av bygda – og bygda ein del av oss.
Vi har teke eit val om å la engene mellom bygningane våre vekse fritt. Dette styrkjer det biologiske mangfaldet i nærmiljøet vårt. I tillegg avgrensar vi bruken av maskiner til rydding av skogen rundt oss ved å ha geiter som beitar i skogkanten, som alle gjester er hjarteleg velkomne til å helse på.
Når bygda blømer, gjer vi det òg. Naturen rundt oss er sjølve grunnlaget for det vi driv med, og difor er det avgjerande for oss å ta vare på henne. For å redusere vårt miljøavtrykk har vi sett i verk fleire tiltak. Eitt av desse er å sende restane frå stearinlysa våre til Hamna 20, som nyttar dei til å lage brikettar.
Vi jobbar aktivt for å redusere matsvinn og styrer difor unna store buffear. Restane frå den vesle frukost buffeten vi har, går til dei tilsette i lunsjen. I tillegg har vi sterkt fokus på avfallssortering – ryddevognene våre har eigne løysingar for sortering, som dei tilsette følgjer opp dagleg.