Sykkelturar

Når ein syklar så opplever ein verda i menneskeleg skala og hastigheit der stikkord er nærheit til naturen, eiga dagsform, musklar som får køyrd seg litt og kjensla av vind i håret. Vi legg til rette for opplevingar på sykkelsetet for alle nivå, frå den mest hardbarka off-road ryttar til deg som trivast best på flatmark med ein kafé innan rekkjevidde. På Sunnmøre er vegane ofte forbundne med ferjer, så du kan få ein velkomen pause mellom etappane. Vi har eit utval syklar, frå elektriske for dei som kjenner sine eigne grenser til topp landevegssyklar for dei som har andre ambisjonar.

Opplev Sunnmøre

Vi står gjerne til teneste med å leggje til rette skreddarsydde aktivitetar for ditt opphald. Våre lokale guidar er her for å ta deg med ut på eventyr i vårt lokalområde og delar villeg vekk av sine kunnskapar om vår vakre region.