Hotel Union Øye har si eiga brygge nede ved fjorden, ein kort spasertur frå hotellet sin hage. Vi tek deg med ut Norangsfjorden med hotellet sine eigne båtar, vidare inn den imponerande Hjørundfjorden, mellom mektige fjellmassiv. Bli med på ei reise der du kan lære meir om vår lokalhistorie; besøk dei djupe fjordane og unike landemerkja medan vi bevegar oss gjennom noko av det mest spektakulære landskapet Noreg har å by på. Her kan du få kjensla av korleis det er å vere eit med naturen i stilla i fjorden. Ei oppleving av dei sjeldne på denne fjordvegen frå Øye.
Kontakt vår Aktivitetsconsierge for private turar.